Vegetarianisme
From Wikipedia, the free encyclopedia
Vegetarianisme eller vegetarisme er ein praksis der ein lever utan kjøt og eventuelt andre dyreprodukt i kosthaldet. I nokre høve omfattar det også avhald frå dyreprodukt innan andre bruksområde. Vegetarianisme er ein livsstil som ein kan velja ut frå etiske, filosofiske, ideologiske, religiøse, økonomiske, miljø- eller helseomsyn. Næringsmiddel som passar til ein vegetarisk livsstil blir kalla vegetarkost.[1][2]
Det finst fleire typar vegetarar eller vegatarianarar som har ulike restriksjonar på kva dei kan eta og eventuelt bruka. Tre hovudgrupper er:
- Veganarar, som unngår alle typar dyreprodukt, ofte også frå andre produkt enn matvarer.
- Laktovegetarar, som i tillegg til planteprodukt også et ein del mjølkeprodukt. Særleg utbreidd i asiatisk vegetarianisme.
- Laktoovovegetarar, som et planteprodukt, mjølkeprodukt og egg. Utbreidd i moderne vestleg vegetarianisme.
Det finst også mange andre vegetariske diettar som byggjer på ulike trus-, ideologi- og kosthaldssystem. I tillegg finst det halv- eller semi-vegetarianarar som kan inkludera nokre kjøtprodukt, som fisk, sjømat eller kylling, i kosthaldet. Andre kan ha vegetarisk kosthald ein del av tida (til dømes i samband med faste) og ikkje ha restriksjonar elles.
Omgrepet «vegetarianisme» stammar frå 1840-talet. «Veganisme» blei danna som omgrep i 1944.[3]