Viterbo
kommune i Italia / From Wikipedia, the free encyclopedia
Viterbo er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Viterbo i regionen Lazio og har om lag 60 000 innbyggjarar. Han ligg om lag 100 km nord for Roma langs Via Cassia, og er omringa av Monti Cimini og Monti Volsini. Det historiske senteret er omgjeve av mellomaldermurar bygd på 1000- og 1100-talet og som framleis står.
Meir informasjon Plassering, Styresmakter ...
Viterbo | ||
---|---|---|
Pavepalasset i Viterbo | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land Region Provins |
Italia Lazio Viterbo | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
406,28 km² | |
Innbyggjarar - Totalt - folketettleik |
60 537 148.63/km² | |
Koordinatar | 42°25′N 12°6′E | |
Høgd over havet | 326 m | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 01100 | |
Telefon-retningsnummer | 0761 | |
Nettstad: www.comune.viterbo.it |
Lukk
Bortsett frå jordbruk er hovudnæringa i Viterbo-området keramikk, marmor og tømmer. Ein del av Italia sine gullreservar ligg i byen, i tillegg til eit akademi for dei skjønne kunstartane, Universitetet Tuscia og fleire varmekjelder som trekkjer til seg turistar frå heile Sentral-Italia.