From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein kanon er eit skytevåpen til å skyta store prosjektil over lengre avstandar med. Ein kanon er forma som eit stort røyr. I moderne terminologi vert ordet kanon òg brukt om rifla automatvåpen med kaliber på minst 20 mm.
I moderne terminologi viser omgrepet til skytevåpen med eit rifla løp i kaliber 20 millimeter eller meir, som skyt mot eit mål. Kanonar har utvikla seg frå å vera enkle røyr som skyt ut kuler av stein eller jarn, til å verta moderne artilleri med avanserte instrument for presisjonsskyting. Prosjektila har òg utvikla seg til å innehalda eksplosivar. Innfestinga av kanonen har òg gått framover, og kanonar i dag kan finnast i for eksempel stridsvogner. Kanonane var òg føregjengaren til mindre skytevåpen som handkanoner, arkebuse, musketter og etterkvart rifler.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.