From Wikipedia, the free encyclopedia
Wigwam er ein bustad for fleire algonkinsnakkande indianarstammer. Ordet vart teke av dei engelske kolonistane frå abenakispråket, og kom på trykk for første gong i 1634. Opphavleg viste wigwam til dei kuppelforma og ovale hyttene av forskjellig storleik som vart nytta i den nordlege delen av det austlege skogområdet, hovudsakleg i statane i New England og kring Dei store sjøane. Desse var som regel tekka med sederbark eller bjørkenever over eit rammeverk av samanbundne og avbøygde greiner. Den koniske varianten i det subarktiske området vart òg av og til kalla wigwam i staden for tipi.
Dei vestlege apachane brukte ei liknande kuppelforma hytte, dekt av greiner og strå, som vart kalla wikiup. Wichitaene på prærien budde òg i runde stråhus store delar av året og reisande byrja tidleg å nytte wigwam som fellesomgrep for dei fleste typar indianske bustader.
«wigwam» i Store norske leksikon, snl.no.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.