William Smith (1769-1839)
From Wikipedia, the free encyclopedia
William «Strata» Smith (23. mars 1769–28. august 1839) var ein engelsk geolog og ingeniør og skapte det første skikkelege geologiske kartet over England i 1815. Han er kjend som «faren til den engelske geologien».
Kjappe fakta Fødd, Død ...
William Smith | |||
| |||
Fødd | 23. mars 1769 Churchill | ||
---|---|---|---|
Død | 28. august 1839 Northampton | ||
Nasjonalitet | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland | ||
Område | geologi, kartografi, land improvement | ||
Yrke | paleontolog, sivilingeniør, geolog, ingeniør |
Close
Under bygginga av ein kanal i England i 1798 fann han ut at dei forskjellige laga i sedimentære bergartar frå juratida hadde sine karakteristiske fossil (leiefossil). Ved hjelp av desse leiefossila kunne ein avgjere den relative alderen til laga. På denne måten grunnla han stratigrafien, som dei neste 20-30 åra fekk ei rivande utvikling.