![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/df/Bridge_Crossing.jpg/640px-Bridge_Crossing.jpg&w=640&q=50)
Jom kippúrkrigen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Jom kippúrkrigen, Ramadankrigen eller Oktoberkrigen føregjekk frå 6. oktober til 26. oktober 1973, mellom Israel på den eine sida, og ein koalisjon av arabarstatar leia av Egypt og Syria på den andre. Krigen fekk namnet sitt fordi han tok til på den jødiske høgtidsdagen jom kippur. Krigen begynte med eit overraskande angrep frå Egypt og Syria, då dei kryssa grensa ved Sinai og Golanhøgdene for å ta attende områda som var gått tapt til Israel under seksdagarskrigen.
Jom kippúrkrigen | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av Midtausten-konflikten | |||||||||
![]() Egyptiske styrkar kryssar Suezanalen den 7. oktober | |||||||||
| |||||||||
Partar | |||||||||
![]() ![]() Arabiske ekspedisjonsstyrkar: ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() Andre ekspedisjonsstyrkar: ![]() ![]() |
![]() | ||||||||
Kommandantar | |||||||||
![]()
|
![]()
| ||||||||
Styrkar | |||||||||
Egypt: 300 000 deployert (100 000 kryssa), 1700 tanks (1020 kryssa),[2] 2400 armerte køyretøy, 1120 artillerieiningar,[3] 400 stridsfly, 140 helikopter,[4] 104 marinefartøy, 150 bakke-til-luft-missilbatteri (62 i frontlinja)[5] Syria: 60 000 deployert (28 000 i den førte offensiven), 1200 tanks, 800–900 armerte køyretøy, 600 artillerieiningar,[3].[6][7] 350 luftfartøy, 36 helikopter, 21 marinefartøy, 36 bakke-til-luft-missilbatteri (25 i frontlinja)[5] Irak: 30 000 soldatar, 250–500 tanks,[8][9][10] 500 armerte køyretøy, 200 artillerieiningar,[3] 73 luftfartøy[11] |
415 000 soldatar, 2300 tanks, 3000 armerte køyretøy, 945 artillerieiningar,[3] 440 stridsfly, 84 helikopter, 160 andre flytypar, 38 marinefartøy[11][12] | ||||||||
Tap | |||||||||
8000[13]–18 500[14] døde 18 000[13]-35 000[15] skadde 8372 fanga egyptarar 392 fanga syrarar 13 fanga irakarar 6 fanga marokkanarar 2300[16] tanks øydelagde eller tekne 341[13]–514[17] fly øydelagde 19 marinefartøy, inkludert 10 missilfartøy søkkte[18] |
2521–2800 døde[13] 7250[19]-8800[13] skadde 293 fanga 400 tanks øydelagde[20] 600 tanks øydelagde og reparerte[20] 102 fly øydelagde[17] |
Den arabiske koalisjonen gjorde store framstøyt dei første par dagane av krigen, før Israel greidde å slå tilbake. Innan den andre veka av krigen hadde styrkane til Syria blitt pressa heilt ut av Golanhøgdene. Israel låg an til å vinne heile krigen då han enda med våpenkvile i regi av SN. Globalt sett fekk krigen store følgjer gjennom stans i oljeleveransen frå arabarlanda, og dette førte til mangedobling av oljeprisane og oljekrisa i 1973.