![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/44/Zhuhai_map2005.jpg/640px-Zhuhai_map2005.jpg&w=640&q=50)
Zhuhai
From Wikipedia, the free encyclopedia
Zhuhai (hànzì: 珠海, pinyin: Zhūhǎi, =Havets perle) er eit byprefektur i provinsen Guǎngdōng ved Kinas kyst mot Sørkinahavet. Prefekturet har eit areal på 1 653 km² og befolkning på 1 454 100. Byprefekturet Zhuhai er delt opp i tre distrikt. Byen ligg tett ved Macao, og er prega av dei 146 øyane og mange buktene i prefekturet.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/44/Zhuhai_map2005.jpg/320px-Zhuhai_map2005.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d3/China-zhuhai.jpg/320px-China-zhuhai.jpg)
Zhuhai var fram til om lag 1980 ein mindre fiskarby. Han vart då ein av Folkerepublikken Kinas fire første særlege økonomiske soner. Sidan har byen vorte ein ferieby i Sør-Kina og ein soveby for fastlandskinesarar som arbeider i Macao. Etter kinesiske mål er levestandarden høg.