Zinke
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein zink (òg zinke eller sink, italiensk cornetto, engelsk cornett) er eit historisk musikkinstrument med blomstringstid tidleg på 1600-talet. Han vart vanlegvis laga av tre, sjeldnare av elfenbein, var åttekanta og med skinnovertrekk og hadde seks fingerhol og eit tommelfingerhol. Han vert i dag klassifisert som eit messingblåseinstrument.
Ofte vert zinken sett på som ein mellomting mellom blokkfløyte og trompet. Frå 1400-talet til midten av 1600-talet var zinken eit av dei viktigaste musikkinstrumenta med ry på seg til å kunne imitere den menneskelege stemma.