![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/f3/Zinedine_Zidane_by_Tasnim_03.jpg/640px-Zinedine_Zidane_by_Tasnim_03.jpg&w=640&q=50)
Zinédine Zidane
fransk fotballspelar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Zinédine Yazid Zidane (fødd 23. juni 1972 i Marseille) er ein tidlegare fransk fotballspelar. Han spelte for den spanske klubben Real Madrid og det franske landslaget og vart rekna som ein av dei beste på begge laga, og i verda generelt. Han har i fleire år fått tittelen årets spelar, og vert av mange sett på som ein av de beste spelarane gjennom tidene. Han var med på å sikre Frankrike gull både i VM 1998 og EM 2000.
![]() | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Zinédine Yazid Zidane | ||
Fødselsdato | 23. juni 1972 | ||
Fødestad | Marseille i Frankrike | ||
Høgd | 185 cm | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Real Madrid (trenar) | ||
Nummer |
5 (Real Madrid) 21 (Juventus) 10 (Frankrike) | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1989-1992 | Cannes | 61 | (6) |
1992-1996 | Bordeaux | 139 | (26) |
1996-2001 | Juventus | 151 | (24) |
2001-2006 | Real Madrid | 155 | (37) |
Totalt | 506 | (95) | |
Landslag | |||
1994-2006 | Frankrike | 108 | (31) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Zinedine Zidane var den første som brukte «zidane-finta», og vert rekna som skaparen av henne.
Med Real Madrid har han vunne Champions League i sesongen 2001/2002 og det spanske meisterskapet i 2002/2003.
Han har tidlegare spelt for den italienske klubben Juventus der han var med på vinne Serie A i 1996/1997. Før han kom til Juventus, spelte han for dei franske klubbene AS Cannes og Bordeaux.
Tre gonger har han vorte kåra til den beste fotballspelaren i verda (1998, 2000 og 2003). Han har fått utmerkinga som den nest beste spelaren nokon sinne i Europa (etter Johan Cruijff).
Zidane er muslim med algeriske røter. I tillegg til å utmerke seg som fotballspelar, har Zidane òg vist sterkt sosialt engasjement. Ein gong i året spelar han ein kamp der dei beste spelarane i verda deltar og inntektene går til fattige barn i Afrika.
Zidane fortalte 17. januar 2006 at han hadde bestemt seg for å legge opp etter fotball-VM i Tyskland, eitt år før kontrakten hans går ut.