Zitti e buoni
song av Måneskin, framført ved Eurovision Song Contest 2021 / From Wikipedia, the free encyclopedia
«Zitti e buoni» (italiensk uttale [ˈtsitti e bˈbwɔːni]; norsk omsetjing 'tei stille og oppfør deg') er ein rockesong frå 2021 med den italienske gruppa Måneskin. Songen vann San Remo-festivalen 2021 og deretter Eurovision Song Contest 2021. «Zitti e buoni» er skriven av bandmedlemmane Damiano David, Ethan Torchio, Thomas Raggi og Victoria De Angelis. Han er produsert av Fabrizio Ferraguzzo og vart sloppen for strøyming og digital nedlastning 3. mars 2021.