Zlatibor
From Wikipedia, the free encyclopedia
Zlatibor (serbisk Златибoр) er eit fjellområde i vestlege delar av Serbia og ein del av Dei dinariske Alpane.
Fjella dekkjer eit område på om lag 300 km², er 17 km lang og 14 km breie. Den høgaste toppen er Tornik på 1496 meter over havet.
Zlatibor er administrativt delt inn i tre kommunar i Serbia: Čajetina, Užice og Nova Varoš. Jernbanelinja Beograd-Bar går gjennom Zlatibor.
I sør og aust grensar Zlatibor til elvane Uvac og Veliki Rzav. I vest ligg regionen Bosnia med landsbyane Mokra Gora, Semegnjevo og Jablanica.
Zlatibor ligg nord i den historiske regionen Stari Vlah, mellom Raška, Herzegovina og Bosnia. På åsen Cigla nær landsyben Jablanica kan ein framleis sjå ein del av grenselinja mellom Kongedømet Serbia, Austerrike-Ungarn og Det osmanske riket. I mellomalderen vart Zlatibor kalla Rujno. Namnet Zlatibor kom i bruk på 1700-talet, men opphavet til namnet er usikkert.