"Love and Theft"
studioalbum av Bob Dylan From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Love and Theft» (som regel berre kalla Love and Theft) er det 31. studioalbumet til Bob Dylan, gjeve ut på Columbia Records den 11. september 2001. Dylan vart akkompagnert av turnébandet hans på den tida i tillegg til klaverspelaren Augie Meyers. Albumet nådde 5. plassen på Billboard 200, og har sidan selt til gullplate i USA.[1] Albumet gjekk til topps i Noreg. Ei avgrensa utgåve av albumet kom med to bonusspor på ein separat disk, med innspelinga frå tidleg i 1960-åra og to år seinare, den 16. september 2003, var dette albumet eit av fem Dylan-album som kom ut med nymastra lyd for SACD hybrid-formatet.
I 2003 vart albumet plassert på 467. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene, medan Newsweek kåra det til det nest beste albumet det tiåret.[2]
Remove ads
Innhald
Albumet heldt fram det kunstnariske comebacket etter Time out of Mind i 1997 og fekk enno betre mottaking enn det førre. Den korrekte tittelen på albumet er "Love and Theft" med hermeteikn. Tittelen var visstnok inspirert av boka til historikaren Eric Lott kalla Love & Theft: Blackface Minstrelsy and the American Working Class, som kom ut i 1993.
Opningssporet «Tweedle Dee & Tweedle Dum» består av mange referansar til paradar under Mardi Gras i New Orleans.
Sheryl Crow fekk tilbod om songen «Mississippi» frå Dylan, og spelte seinare inn ein livleg versjon av songen for The Globe Sessions i 1998, før Dylan sjølv spelte inn songen for Love and Theft. Sidan har Dixie Chicks ofte spelt songen på konsertane sine.
Greg Kot skreiv i Chicago Tribune (publisert 11. september 2001) «Love and Theft er, som tittelen indikerer ei slags hyllest, og aldri meir enn på 'High Water (for Charley Patton),' der Dylan teiknar eit feiande bilete av rasehistoria i Sørstatane med den ukjende bluessongaren som eit symbol for den kulturelle rikdommen i regionen og inngripande, grufulle samfunnsmessige handlingar. Tromlande trommer og klagande korvokal indikerer at ting går frå gale til verre. 'Det er tøft det ute', skurrar Dylan 'Høg vatn overalt'. Død og demens legg ein skugge over albumet, avløyst av ømheit og vond galgenhumor.»
Musikkskribenten Tim Riley skreiv om «Po Boy» at «det er ein song skriven for gitar med lounge jazz-akkordar og det høyrest nesten ut som han kunne ha vore spelt inn i 1920-åra.»[3]
Albumet vert avslutta med «Sugar Baby», ein lang klagesongaktig ballade kjend for dei stemningsfulle, apokalyptiske bileta og enkle produksjonen med mykje ekko. Riley hylla det som «ein finale å vere stolt av, bygd ring eit avvæpnande enkelt riff som vert illevarslande.»
Remove ads
Mottaking
I ei heit melding for «Consumer Guide»-spalta hans i The Village Voice skreiv Robert Christgau: «Om Time Out of Mind var dødsalbumet hans - det var det ikkje, men du veit korleis folk snakkar - så er dette udøydelegheitsalbumet hans.»[14] Seinare då The Village Voice trykte sin årlege Pazz & Jop-kåring frå kritikarane, toppa Love and Theft denne lista, og for Dylan var dette tredje gongen.[15][16] Han toppa òg ei liknande liste i Rolling Stone.[17] Q oppførte Love and Theft som eit av dei 50 beste albuma i 2001.[18] Kludge rangerte albumet på åttandeplassen på si årsliste for 2001.[19]
I 2012 vart albumet rangert på 467. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene, medan Newsweek kåra det til det neste beste albumet dette tiåret.[20] I 2009 rangerte Glide Magazine albumet som det beste i 2000-åra.[21] Entertainment Weekly sette det på si tiårsliste og skreiv «Den føreseieleg uføreseielege rockepoeten helsa det nye tusenåret med ein folkaktig, bluesaktig klassikar.»[22]
Albumet vann Grammyprisen for årets beste moderne folkealbum. Det vart òg nominert til prisen for årets album og songen «Honest with Me» vart nominert til årets beste rockevokal.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Bob Dylan
Medverkande
- Bob Dylan – vokal, gitar, piano, produsent
- Larry Campbell – gitar, banjo, mandolin, fiolin
- Charlie Sexton – gitar
- Augie Meyers – trekkspel, Hammond B3-orgel, Vox-orgel
- Tony Garnier – bassgitar
- David Kemper – trommer
- Clay Meyers – bongo
- Chris Shaw – lydteknikar
Salslister
Salstrofé
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads