Ávjovárri valkrins
samisk valkrins From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ávjovárri valkrins (nordsamisk: Ávjovári válgabiire, bokmål: Ávjovárri valgkrets) er ein valkrins ved Sametingsvala i Noreg frå og med valet i 2009.[1] Krinsen vert også kalla valkrins 2. Stemmerett i krinsen har dei som er busette der og er innførte i manntalet til Sametingsvalet. I 2017 var det 3 738 personar som var registrerte i manntalet i området.[2]
Krinsen femner kommunane Karasjok, Kautokeino og Porsanger.[1]
Ved valet i 2017 vart det vald inn åtte sametingsrepresentantar frå krinsen.[3] Sametinget skal til saman ha 39 representantar.[4]
Krinsordninga ved Sametingsvala vart endra framfor valet i 2009. I staden for dei 13 krinsane ein nytta ved Sametingsvala i 1989, 1993, 1997, 2001 og 2005, er det frå 2009 sju krinsar.[5] Ávjovárri valkrins tilsvarar dei to tidlegare krinsane Karasjok valkrins, som tilsvarte Karasjok kommune, og Kautokeino valkrins som tilsvara Kautokeino kommune, i tillegg til Porsanger kommune som tidlegare var del av Porsanger valkrins.[6]
Remove ads
Parti og vallister som stilte til Sametingsvalet i 2017 i Ávjovárri valkrins
Desse partia og vallistene stiller til Sametingsvalet i 2017 i krinsen.[7]
- Árja
- Ávjovári Johttisápmelaččaid listu
- Arbeidarpartiet
- Fastboendes liste
- Fastboendes liste på Sametinget
- Framstegspartiet
- Høgre
- Nordkalottfolket
- Norske Samers Riksforbund
- Samefolkets parti
- Sámieana
- Senterpartiet
- Sosialistisk Venstreparti
- Šiella
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads