Ådring

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ådring
Remove ads

Ådring er ein målingsteknikk for å imitere edeltre. Ved ådring av møbel eller veggflater framstilt av eit vanleg treslag (ofte furu), forsøkjer målaren å skape eit inntrykk av at det er brukt meir kostbare treslag som bjørk, ask eller eik, eller importerte treslag som mahogny eller nøttetre.

Thumb
Ådringsmåla skatollskuff - skuffen er laga i furu, fronten liknar nøtetre el.l.

Historie

Dei eldste kjende døma på treådring er funne på 4 000 år gamle egyptiske sarkofagar. Teknikken kom til Sverige ved innreiing av kyrkjer i mellomalderen. I seinbarokken omkring år 1700 vart mahognyimitasjonar utbreidd over heile landet, og på 1800-talet vart ådring svært vanleg både i Sverige og Noreg, då både som imitasjon av utanlandske og heimlege treslag.

Framstilling

Ådringsmålaren tar utgangspunkt i anatomien til ulike treslag, og tremønsteret som vert skapt ved tangential- , radialsnitt eller skjering av finér. Målaren bør òg tilpasse seg vanlege plankedimensjonar. Som hjelpemiddel kan målaren - i tillegg til pensel, fille og svamp - bruke ein ådrik som etterlikar mønsteret i lauvtrevirke.

Nokre målarar har utvikla ådringa vidare til fri ådring, uavhengig av fargen og utsjånaden til kjende treslag.

Remove ads

Kjelder:

  • Pontus Tunander: Dekorativ målning / Marmorering, ådring, schablonmålning, Ica Bokförlag, 1993/1996, ISBN 91-534-1584-1
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads