Årflot gard

From Wikipedia, the free encyclopedia

Årflot gard
Remove ads

Årflot er ein matrikkelgard i Ørsta kommune. Garden ligg på sørsida av Åmdalen, den nedste i dalen. Han ligg litt fram om åmotet mellom Åmdalselva og Follestaddalselva. Årflot grensar mot matrikkelgardane Åmbø, Ytre-Åm og Haugen, samt mot Sporstøyl i Melsbygda. Til Sporstøyl er 2 km og ubygt. Melsbygdvegen, Fv 5902, går frå Sporstøyl over Årflot til Ytre-Åm. Matrikkelgarden har gardsnummer 43 i Ørsta.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Årflot er ein fåbølt gard, føre 1872 var garden delt i to bruk. Garden låg lenge folketom etter Svartedauden, fyrst mellom 1603 og 1610 kom det bufaste folk. I mellomtida vart jorda nytta til seterstøl, derav namnet Støylen, som Årflot vart kalla til dagleg på 17-1800-talet.

Remove ads

Årflotstova

På Årflot står ei gammal freda stovebygning som er datert til 1600-talet. Der vart både Sivert Aarflot og dottera Berte Kanutte fødd. Sivert budde der til i han i 1798 vart sett til lensmann i Volda skipreide, og flytte til Ekset.

I dag står det ein bautastein over båe desse to ved stova.

Folketal

  • 1801: 10 personar (2 heimar)
  • 1865: 26 personar (4 heimar)
  • 1900: 17 personar (3 heimar)

Kjende namneberarar

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads