Åse Michaelsen

norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Åse Michaelsen
Remove ads

Åse Michaelsen (fødd 4. juni 1960 i Mandal), tidlegare Åse Schmidt, er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Frå 17. januar 2018 til 3. mai 2019 var ho eldre- og folkehelseminister i regjeringa Solberg.[1][2]

Kjappe fakta Fødd, Statsborgar av ...

Ho vart vald inn på Stortinget frå Vest-Agder fylke i 2005. Valet i 2005 var eit særs jamnt løp mellom henne og Kari Henriksen frå Arbeidarpartiet, der Michaelsen enda med 19 fleire stemmer enn Henriksen. Ved stortingsvalet 2009 stod Michaelsen på førsteplass på lista til Framstegspartiet og vart vald på nytt.

Ho har eitt års høgare utdanning og er også utdanna interiørarkitekt. Ho har yrkeserfaring frå Norges eksportråd, og som handling coordinator og tillitsvalt i SAS.

Michaelsen var medlem av bystyret og formannskapet i Mandal 1995-2003. Ho var medlem av sentralstyret i Framstegspartiet 1998-2005.

Remove ads

Stortingets presidentskap

Stortingskomitear

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads