Étang de Berre

From Wikipedia, the free encyclopedia

Étang de Berremap
Remove ads

Étang de Berre (på provençalsk oksitansk Estanh de Bèrra/Mar de Bèrra eller Estang de Berro/Mar de Berro) er ein vassmasse ved sida ved Middelhavet vest for Marseille.

Kjappe fakta Land, Innsjøtype ...

Han vart danna av stigande vassnivå mot slutten av førre istid, og denne litle innlandssjøen er delt i tre delar: Den største vassmassen, Étang de Vaïn i aust og Étang de Bolmon i søraust.

Étang de Berre får ferskvatn frå elvane Arc, Touloubre og Cadière, og sidan 1966 frå Canal de la Durance. To kanalar knyter han til sjøen: Canal de Caronte som går til Port-de-Bouc og Canal du Rove som går til L'Estaque. Den sistenemnde kanalen er derimot blokkert på grunn av eit steinras under vatnet.

Ti kommunar grensar til Étang de Berre: Istres, Miramas, Saint-Chamas, Berre-l'Étang, Rognac, Vitrolles, Marignane, Châteauneuf-les-Martigues, Martigues og Saint-Mitre-les-Remparts.



Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads