Øivind Holmsen
norsk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Øivind Josef Holmsen (28. april 1912–23. august 1996) var ein norsk fotballspelar frå Oslo. Han var venstreback på Lyn og det berømte Bronselaget frå Sommar-OL 1936 i Berlin. Holmsen «var rask til bens og rask i tankegangen, sikker i plasseringen og i samarbeidet med sin partner; han taklet ypperlig og briljerte med rene utspill.»[1]
Holmsen var medlem av Fagerborg til 1932, då han melde overgang til Lyn. Han vart noregsmeister med Lyn i 1945 og 1946, i begge cupfinalane vann oslolaget over Fredrikstad FK.
Holmsen debuterte på landslaget mot Austerrike i 1934, i Noregs landskamp nr 100, og fekk straks hevd på backposisjonen til venstre. To år seinare deltok han i sommarleikane 1936 i Berlin, der Noreg vann bronse etter å ha slått ut Tyrkia og Tyskland, samt vunne bronsekampen 3-2 over Polen. Også i VM i fotball 1938 var han med då Noreg, etter ekstraomgangar, måtte gje tapt 1-2 mot Italia. Holmsen deltok i 36 landskampar i perioden 1934–45, frå sin backposisjon skåra han ingen mål.
Remove ads
- OL-bronse: 1936 med Noreg
- Noregsmeister: 1945 og 1946 med Lyn
Notar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads