Ørkenrotte
underfamilie av pattedyr From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ørkenrotter (Gerbillinae) er ein underfamilie av små gnagarar som omfattar rundt 110 artar fordelt på 16 slekter. Dei lever i Afrika og Asia og er tilpassa tørre, opne område. Ørkenrotter er vanlegvis dagaktive og altetande. Dei er gjerne sosiale dyr som lever saman i små grupper i holer og gangar.

Den mongolske ørkenrotta Meriones unguiculatus er utbreidd som kjæledyr og har også vore brukt som forsøksdyr.
Remove ads
Skildring

Ørkenrotter blir typisk mellom 150 og 300 mm lange, med hale, som utgjer rundt ein tredel av lengda. Dei kan vega mellom 10 og 227 gram. Den store ørkenrotta Rhombomys opimus frå Sentral-Asia kan bli over 400 mm lang.
Dyra kan ha ulike pelsfarge, som grå, brun, raudleg eller gulaktig med ei lysare underside. Halen er som regel pelsdekt og kan ha ein dusk i enden. Dei kan ha lange eller korte øyre og har lange klør. Bakføtene er lange og tynne, og er saman med halen tilpassa hoppande rørsler. Nokre ørkenrotter kan hoppa opptil 3,5 meter. Andre går på alle fire.
Remove ads
Leveområde
Habitat kan vera sand- eller grassletter, steppe, ørken eller fjellsider. Nokre artar finn ein i våtare skogar eller åkrar.
Slekter
- Ammodillus
- Brachiones
- Desmodilliscus
- Desmodillus
- Gerbillurus
- Gerbillus
- Meriones
- Microdillus
- Pachyuromys
- Psammomys
- Rhombomys
- Sekeetamys
- Tatera
- Taterillus
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads