Øvstebø i Bergen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Øvstebø i Bergen
Remove ads

Øvstebø (òg skrive Øfstebø) er ein gard i Fana i Bergen kommune ved Dyrdalselva, sørvest for Dyrdalsvatnet.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Det er framleis gardsdrift på garden.

Remove ads

Namn

Namnet kjem frå norrønt Òfstibær, som tyder «den øvste garden».

Øvstebøvegen er kalla opp etter garden.

Historie

Garden høyrte i mellomalderen til Nonneseter kloster fram til Vincens Lunge tok over i 1528. Seinare høyrte garden til Lungegårdsgodset.

Geografi

Garden omfattar det meste av den øvste Dyrdalen og fjellområda kring Dyrdalsvatnet (436 moh.) mellom Hausdalshorga (775 moh.) i aust, Austefjellet (808 moh.) i nordaust, Nobbane (713 moh.) og Slettegga i vest. Sjølve gardsbruket ligg heilt sør i området.

Garden grensar til Unneland i nord, Hausdal i aust, Samdal i sør og Lund i vest.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Øvstebø i Bergen
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads