Øya Vis
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vis (italiensk Lissa, gresk Ίσσα, Issa) er ei øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia, og den øya som ligg lengst borte frå kysten av dei busette kroatiske øyane. Ho har eit areal på 90,26 km².[2] Den høgaste toppen på Vis vert kalla Hum og er 587 meter høg.[2]

Administrativt er øya delt mellom dei to bykommunane Vis og Komiža omkring landsbyane med same namn.[3][4] Begge landsbyane ligg ved sjøen, Vis[5] på den austlege delen av øya og Komiža[6] i vest. I indre område av øya ligg det mindre busetnadar som Podselje, Marinje zemlje, Podšpilje, Podstražje.[7]
Remove ads
Historie
Vis har vore busett sidan yngre steinalder. På 300-talet fvt. grunnla tyrannen frå Siracusa, Dionisius den eldre, kolonien Issa på øya. Seinare vart ho ein sjølvstendig bystat, som til og med hadde sin eigen valuta og grunnla koloniar andre stader.
I det første hundreåret fvt. var det den illyriske stamma Liburni som heldt til på øya. I 925 vart øya ein del av den mellomalderske staten Kroatia under kongen Tomislav. Vis er nemnd i De Administrando Imperio av den austromerske keisaren Konstantin VII Porphyrogennetos frå rundt 950 som «Ies», ei øy som høyrde til Pagania.
Brørne til Stefan Nemanja, Miroslav og Stracimir, hadde sjørøvarferder til Vis i 1184 og 1185.
I mellomalderen skifta øya eigarar mange gonger, og var lenge under Republikken Venezia. Under denne tida vart øya kalla «Lissa». Under den andre verdskrigen var Vis ein av dei mest brukte gøymestadane til Josip Broz Tito, leiaren for den jugoslavisk motstandsrørsla. Etter krigen brukte Jugoslavia øya som ei av sine største marinebasar.
Remove ads
Økonomi
Hovudnæringar på øya er jordbruk (hovudsakleg vindyrking), fiske, fiskeforedling og turisme.[2]
Rundt 20 % av øya er dyrka mark dekt av vingardar. Av vinar frå øya har ein Plavac Mali, Kurteloška og Bugava.[8]
Sjøen rundt Vis er rikt på fisk, særleg sardin, makrell og ansjos. Fiskarar frå Komiža utvikla på 1600-talet sin eigen type fiskebåt, Falkuša, som vart brukt til langt opp på 1900-talet på grunn av sine gode eigenskapar.[8]
Remove ads
Folketal
Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane, fordelt på kommunane, var:
Dei største tettstadene på øya var:
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads