Øye-steinen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Øye-steinen er ein runestein frå Øye kyrkje i Vang kommune i Oppland.
Steinen er første gong skildra av sokneprest Thomas Stang omkring 1835, og han oppgav då at steinen hadde lege over ei grav på kyrkjegarden. Steinen vart undersøkt av Sophus Bugge i 1865, og året etter vart han frakta til Universitetets Oldsaksamling. Han er i dag magasinert ved Kulturhistorisk museum. Steinen er sannsynlegvis frå 1300-talet.[1] Innskrifta er:
- her:huilir:þora:moder:eirix:prest:pater:noster:
På norrønt vert det: Hér hvílir Þóra, móðir Eiríks prest sin. Pater noster.
På moderne norsk vert det: «Her kviler Tora, mor til Eirik prest. Fader vår.»
Runene vert daterte til byrjinga av 1300-talet.
Remove ads
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads