Øyreflipp
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Øyreflippen (av latin lobulus auriculae) hjå menneske er samansett av laust og feittaktig bindevev. Den manglar stivleiken og elastisiteten til resten av øyremuslingen, den ytre overflata av øyret. Hjå somme er flippen festa i ansiktet. Den inneheld ikkje brusk, og har difor ei monaleg blodforsyning som bidreg til å varme øyret og oppretthalde balanse. Den engelske zoologen Desmond Morris føreslo i boka «The Naked Ape» (1967) at øyreflippane truleg utvikla seg som ei ekstra erogen sone for å fasilitere den aukande seksualiteten i evolusjonen av monogam parknyting.[1] Ein trur likevel ikkje at øyreflippane har noko stor biologisk funksjon, men den bidreg truleg til å fange opp bassfrekvensar i lufta.[2] Den inneheld mange nerveendar, og for somme er det ei erogen sone.

Remove ads
Struktur
Arvelege trekk
Øyreflippar er i gjennomsnitt 2 centimeter lange, og blir noko lengre med alderen.[3] Ein plar å snakke om at øyreflippen anten er «festa» eller «fri/laus» som følgje av eit «enkelt gen med to allel», men dette er truleg ei forenkla skildring; det er eit vidt spekter frå det eine ytterpunktet til det andre, som tyder på innverknad av fleire gen.
Den lause øyreflippen er dominant ovanfor den som er festa.[4][5] Nokre forfattarar har føreslått polygen arv,[6] og nokre har konkludert med at ein enkelt mendelsk genverknad ikkje er nok til å forklare dei ulike typane.[7][8] Det finst òg ein variant som truleg kan skildrast best som «flipplaus».
Remove ads
Klinisk relevans
Øyreflippar er vanlegvis glatte, men dei kan òg vere skrukkete. Skrukkete øyreflippar har ofte samanheng med genetiske avvik hjå barn, som til dømes Beckwith-Wiedemanns syndrom.[9] Nokre tidlege forskingspapir fant ein samanheng mellom skrukkete øyreflippar og førekomsten av hjarteåtak og koronarsjukdom. Nyare studiar har slått tilbake på denne og seier at denne samanhengen truleg skuldast at øyreflippar naturlegvis blir meir skrukkete med alderen, samstundes som risikoen for hjartesjukdom aukar.[9] Det karakteristiske søkket som finst i nokre øyreflippar blir kalla Franks teikn.
Remove ads
Samfunn og kultur
Piercing
Piercing i øyreflippen er vanleg og utbreidd over heile verda. I nokre kulturar brukar dei mellomtunge dekorasjonar for å strekke og forstørre øyreflippane for å gjere plass til pluggar.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads