Commodore Plus/4

From Wikipedia, the free encyclopedia

Commodore Plus/4
Remove ads

Commodore Plus/4 var ein heimedatamaskin som vart laga av det amerikanske dataføretaket Commodore. Namnet viste til dei fire applikasjonane (skriveprogram, reknerark, databaseprogramm, og teikneprogram) som var innebygde i ROM-minnet. Datamaskina hadde noko suksess i Aust-Europa, men var lite populær i Vest-Europa og Amerika, der han kom i skuggen av Commodore 64.

Kjappe fakta Produsent, Type ...
Remove ads

Sjølv om Commodore 64 hadde 64 KB med RAM, kunne datamaskina berre nytte 38 KB av desse til BASIC-program. Plus/4 sin BASIC V3.5 hadde 59KB tilgjengeleg. Dessutan var prosessoren som Plus 4 nytta nesten 3/4 raskare enn den i Commodore 64.


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads