1922
år From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
1922 (romartal MCMXXII) var eit normalår som byrja på ein sundag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein laurdag i den julianske.
Remove ads
Hendingar
Utlandet
- 28. februar: Egypt blei formelt uavhengig frå Storbritannia, men fekk ikkje reelt sjølvstende før i 1952. Britane heldt på kontrollen over militære og diplomatiske saker.[1][2][3]
- 10.–14. mars: Streiken starta av kvite gruvearbeidarar ved Johannesburg i Sør-Afrika den 28. desember 1921 gjekk over til ope opprør mot styresmaktene, Rand-opprøret.
- 18. oktober: British Broadcasting Company, forløparen til BBC, vart stifta.[1]
- 1. november: Det osmanske riket opphøyrde etter 600 år då den siste sultanen, Mehmed VI, abdiserte.
- 30. desember: Grunnlegginga av Sovjetunionen.
- Utan dato
- Baltzar von Platen fann opp prinsippet for kjøleskapet.
Noreg
- 21. februar: Stiftinga av Unge Høyres Landsforbund.
- 1. juli: Randaberg blei eigen kommune, utskilt frå Hetland herad.
- 22. juli: Den første større sivile flyulukka fann stad ved Rørvik. Tre døydde.[4]
- 30. november: Opprettinga av Vinmonopolet.
- Norsk Landmandsforbund endra namn til Norges Bondelag.
Remove ads
Fødde

- Sjå òg Fødde i 1922.
- 5. mars: Pier Paolo Pasolini, italiensk filmskapar og forfattar
- 5. mars: Jack Kerouac, amerikansk forfattar
- 22. april: Charles Mingus, amerikansk jazzmusikar
- 28. april: Alistair MacLean, skotsk forfattar
- 23. mai: Edith Ranum, norsk forfattar
- 10. juni: Judy Garland, amerikansk skodespelar
- 13. november: Aud Schønemann, norsk skodespelar
- 8. desember: Lucian Freud, tysk målar
Remove ads
Døde
- Sjå òg Døde i 1922.
- 5. januar: Ernest Shackleton, britisk polarforskar
- 22. januar: Pave Benedikt XV
- 26. januar: Henrik Angell, norsk soldat og skipioner
- 6. februar: Kyrre Grepp, norsk journalist og politikar
- 14. februar: Magnus Halvorsen, norsk forretningsmann og politikar
- 3. april: Aasulv Bryggesaa, norsk gardbrukar og politikar
- 24. juni: Walther Rathenau, tysk industrileiar og politikar (attentat)
- 2. august: Alexander Graham Bell, USA-amerikansk oppfinnar
- 21. august: Jørgen Løvland, norsk politikar og statsminister (1907-08)
- 22. august: Michael Collins, irsk opprørsleiar, drepen
- 14. november: Rudolf Kjellén, svensk statsvitar
- 18. november: Marcel Proust, fransk forfattar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads