19P/Borrelly

From Wikipedia, the free encyclopedia

19P/Borrelly
Remove ads

Kometen Borrelly (alternativt 19P/Borrelly) er ein periodisk komet, som har blitt vitja av romsonden Deep Space 1. Kometen er 8 x 4 km i diameter.

Kjappe fakta Oppdaging, Oppdaga av: ...
Remove ads

Oppdaginga

Kometen vart oppdaga av Alphonse Louis Nicolas Borrelly under eit rutinesøk for kometar ved Marseilles Frankrike den 28. desember 1904.

Deep Space 1-passeringa

Den 21. september 2001 flaug romsonden Deep Space 1 forbi Borrelly mens den testa ut ny teknologi i rommet. Sonden vart styrt mot kometen under den utvida delen av ferda og var ein uforventa bonus for forskarane i prosjektet. Til tross for at systemet som hjelpte til med å halda kontroll over fartøyets orientering svikta, klarte Deep Space 1 å senda data tilbake til Jorda som på sendetidspunktet var dei beste bileta og andre vitskapelege data frå ein komet.

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads