200-talet

hundreår From Wikipedia, the free encyclopedia

200-talet
Remove ads

< 200-talet > var hundreåret frå 200 til 299.

Thumb
Verda rundt 250.

Dette hundreåret hadde Romarriket ei krise som byrja med mordet på keisar Severus Alexander i 235, etterfølgd av ein periode med økonomiske vanskar, barbarinvasjonar, politisk uro, borgarkrigar og oppdelinga av riket i Det galliske riket i vest og Det palmyrske riket i aust. Keisar Aurelian vann tilbake tapet område og riket hadde ein stabil periode under Diokletian, slik at krisa var over i 284. Denne krisa markerte byrjinga på seinantikken.

I Persia blei Partharriket etterfølgd av Sassanideriket i 224, etter at Ardashir I nedkjempa og drap Artabanus V under slaget ved Hormozdgan. Sassanidane la så under seg mange av dei vestlege delane til Kushanriket. I India voks Guptariket fram mot slutten av hundreåret.

I Kina fortsette kaoset frå føre hundreår, og riket blei delt i Dei tre kongedøma Wei, Wu og Shu.

Remove ads

Amerika

Asia

  • Sør-Asia
    • Pallava-dynastiet herska i Sør-India. Dei grunnla fleire hamnebyar langs Koromandelkysten og dreiv handel med Sri Lanka og Malaysia.
    • Dei eldste byane blei grunnlagd på Deccanplatået.
    • Den indiske ortodokse kyrkja voks i Sør-India.
    • Sarnath blei eit buddhistisk kulturelt senter.
  • Stordomstida til kongeriket Funan i noverande Kambosja under Fan Shih-man (ca. 205-225)
Remove ads

Europa

  • Romarriket gjekk gjennom ein kritisk fase med borgarkrig, invasjonar og økonomiske frå drapet på keisar Alexander Severus i 235 og fram til keisarane Claudius II, Aurelian og Diokletian innførte fredelegare tider mot slutten av hundreåret.
  • Dei eldste runeinnskriftene er frå denne tida.

Oseania

  • Dei siste spora etter Stillehavskulturen Lapita og pottemakarkunsta deira er frå midten av dette hundreåret.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads