29 Amphitrite
asteroide From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
29 Amphitrite er ein av dei største S-type-asteroidane, sannsynlegvis den tredje største i diameter etter 15 Eunomia og 3 Juno; men 7 Iris og 532 Herculina har liknande storleikar.
Asteroiden er sannsynlegvis ikkje solid tvers i gjennom sidan den har låg tettleik for solide silikatobjekt og ein mykje lågare tettleik enn det Eunomia og Juno har. Bana er mindre eksentrisk og har mindre inklinasjon enn banane til dei større slektningane.
Amphitrite vart oppdaga av Albert Marth den 1. mars 1854 og vart hans einaste asteroidefunn. Asteroiden er namngjeven etter Amfitrite, ei sjøgudinne i gresk mytologi.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads