3 Doors Down

From Wikipedia, the free encyclopedia

3 Doors Down
Remove ads

3 Doors Down er ei USA-amerikansk hardrockgruppe frå Escatawpa i Mississippi. Bandet vart starta i 1996 av Matt Roberts, Todd Harrell og Brad Arnold.

Kjappe fakta Opphav, Aktiv ...
Remove ads

Den fyrste singelen til bandet heitte Kryptonite, og gjorde bandet vidgjetne ved at han kom med på den USA-amerikanske Billboard-lista. Debutalbumet deira kom fyrst i år 2000, og fekk namnet The Better Life. Fram til i dag har dei gjeve ut til saman fem studioalbum. Dei tre medlemmene som starta opp bandet er framleis med, og dei har i tillegg Chris Henderson på gitar og Greg Upchurch på trommer.

3 Doors Down skipa i 2003 The Better Life Foundation, ein naudhjelpsorganisasjon som samlar inn pengar for at born i USA skal få eit betre liv. Organisasjonen gav særleg mykje då orkanen Katrina råka sørstatane i USA i 2005.

Remove ads

Diskografi

Studioalbum

  • The Better Life (2000)
  • Away From the Sun (2002)
  • Seventeen Days (2005)
  • 3 Doors Down (2008)
  • Time of My Life (2011)

Singlar (utval)

  • Kryptonite (2000)
  • Loser (2000)
  • Duck and Run (2001)
  • Be Like That (2001)
  • When I'm Gone (2002)
  • Here Without You (2003)
  • Away From the Sun (2003)
  • Let Me Go (2004)
  • Behind Those Eyes (2005)
  • Live for Today (2005)
  • Here by Me (2005)
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads