5ive

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

5ive var ei britisk gutegruppe som vart starta opp i 1997. Stilen deira likna amerikanske gutegrupper frå same perioden som Backstreet Boys og 'N sync.

Kjappe fakta Opphav, Aktiv ...

5ive vart til ved at dei same managerane som stod bak Spice Girls averterte i eit britisk musikktidsskrift om audition for å starta ei gutegruppe. Tre tusen fekk koma på audition, noko som til slutt vart kutta ned til fem (eng: Five), som vart bandmedlemmer.

Gjennombrotet til 5ive kom med hitsingelen Slam Dunk Da Funk frå 1997. Andre kjende songar av 5ive var When the Lights Go Out (1998), Everybody Get Up (1999), If Ya Gettin' Down (1999), Let's Dance (2001) og Rock The Party (2001). Gruppa vart også kjend for ein coverversjon av We Will Rock You av Queen, framført under BRIT Awards i 2000.

Etter tre studioalbum vart 5ive oppløyst i 2001. I 2006 forsøkte gruppa å gjera comeback med ny manager og produsent. Fleire nye songar vart innspelte, men prosjektet vart oppgjeve i 2007 av di dei ikkje greidde å skaffa ein lukrativ nok kontraktavtale.

Remove ads

Diskografi

  • 5ive (1998), studioalbum
  • Invincible (1999), studioalbum
  • Kingsize (2001), studioalbum
  • Greatest Hits (2001)

Singlar (utval)

  • Slam Dunk Da Funk (1997)
  • Got The Feelin' (1997)
  • When the Lights Go Out (1998)
  • Everybody Get Up (1999)
  • If Ya Gettin' Down (1999)
  • Keep On Movin' (1999)
  • We Will Rock You (2000)
  • Let's Dance (2001)
  • Closer To Me (2001)
  • Rock The Party (2001)

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads