7-Tease
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
7-Tease er det tolvte studioalbumet av den skotske visesongaren Donovan. Det vart gjeve ut i USA i november 1974 og i Storbritannia i januar 1975.
Remove ads
Historie
Etter at Essence to Essence selde svakt, gjekk Donovan i studio igjen seint i 1974 med ein annan produsent og nye songar. Songane var meint for eit teaterstykke og varierte frå raske songar til balladar som Donovan hadde vorte kjend for.
Somme av songane på 7-Tease har tekstlinjer eller melodiar frå tidlegare Donovan-songar. «The Voice of Protest» inneheld ei linje om eit skip som går «all on her starry way», direkte frå «The Voyage of the Moon» på H.M.S. Donovan. Melodien på «How Silly» er nesten identisk til «A Funny Man» frå H.M.S. Donovan. Sidan H.M.S. Donovan selde dårleg, kan det vere at likskapane ikkje vart lagt merke til av særleg mange.
7-Tease gjorde det noko betre enn forgjengaren i USA, men markerte likevel nedgangen i populariteten til Donovan.
Remove ads
Innhald
2004-utgåva
Remove ads
Medverkande
- Donovan - vokal, akustisk gitar, bass, munnspel
- Reggie Young - elektrisk gitar
- Teddy Erwin - elektrisk gitar på «Your Broken Heart» og «Moon Rok»
- Johnny Christopher - rytmegitar
- Norbert Putnam - bass
- David Briggs - klaverinstrument, strykararrangement
- Kenneth Buttrey - trommer, perkusjon
- Ben Cauley, Charlie Rose, Harrison Calloway, Harvey Thompson, Ronnie Eades, Bill Puett, George Tidwell, George Bohanon, Johnny Rotella, Tony Terran - blåseinstrument
- Buffy Sainte-Marie, Byron Warner, Florence Warner, Ginger Holladay, Lea Jane Berinati, Mary Holladay - korvokal
- Sheldon Kurland - konsertmeister
- Red Callender - bass på «Salvation Stomp»
- Mike Melvoin - klaverinstrument på «Salvation Stomp»
- Earl Palmer - trommer, perkusjon på «Salvation Stomp»
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads