Abu Snan

From Wikipedia, the free encyclopedia

Abu Snan
Remove ads

Abu Snan (arabisk أبو سنان; hebraisk אַבּוּ סְנָן) er ein arabisk lokal kommune i Galilea nord i Israel, med eit areal på 4,75 km². Han fekk status som lokal kommune i 1964. Han er ein religiøst blanda stad med ein muslimsk majoritet og ein større minoritet av drusarar og kristne.

Kjappe fakta Land, Distrikt ...

Abu Snan hadde eit folketal på 11 900 i juni 2008, av dette 54,7% muslimar, 26,4% drusarar, og 18,9% kristne.

Remove ads

Historie

Abu Snan er ein gammal landsby, der gamle steinar er brukte om att i moderne hus. Graver, olje- eller vinpresser, og cisterner er funnen skoren ut i berget.[2]

Krossfararar

Kring 1250 var Abu Snan kjend for ei borg laga av Den tyske riddarordenen, kalla d Busnen.[3] Under namnet Tusyan, truleg ei forvansking av Busenan, vart Abu Snan nemnt som ein del av området til krossfararane under hudnaen mellom krossfararane basert i Akko og mamelukk-sultanen al-Mansur (Qalawun) som vart erklært i 1283.[4]

Osmansk tid

I 1517 vart Abu Snan og resten av Palestina innlemma i Det osmanske riket etter han vart erobra frå mamelukkane, og i 1596 var han oppført i osmanske skattelister som ein del av Akka nahiya. Han hadde då 102 hushaldningar og 3 ungkarar, alle muslimar.[5]

Remove ads

Sjå òg

  • Arabiske stader i Israel

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads