Aceh
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Aceh er ein provins i Indonesia, på nordvestspissen av øya Sumatra. Det fullstendige namnet på provinsen er Nanggroe Aceh Darussalam. Aceh grensar i sør til provinsen Nord-Sumatra. Provinshovudstaden er hamnebyen Banda Aceh. Provinsen dekkjer eit område på 57 956 km², og folketalet vart i 2022 sagt å vera 5 407 855.
Remove ads
Utanfor vestkysten ligg øya Simeulue, som òg høyrer til Aceh. Rett utanfor Banda Aceh ligg nokre små øyar, mellom anna Pulau We, Pulau Nasi og Pulau Breueh.
Aceh vart sterkt råka av tsunamien i 2004, då store flodbølgjer kom inn i landet og førte til store øydeleggingar.

Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads