Aki
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Blighia sapida eller aki[1][2] (engelsk ackee[3]) er ein art i lønnefamilien, skildra av Koenig.[4] Han har ei epleliknande frukt som blant anna blir brukt i jamaikansk matlaging.[5]
Remove ads
Biologi og historie
'Blighia sapida tilhøyrer slekta Blighia i lønnefamilien.[6][7] Han har ingen underartar i Catalogue of Life.[6]
Planten veks vilt i Vest-Afrika, og er blitt dyrka i Karibia sidan 1778.[5]
Bruk og toksisitet
Akifrukta er ein del av den jamaicanske nasjonalretten Ackee and Saltfish.[8] (der «saltfish» blant anna kan visa til torsk). Som umogen er fruktene sterkt giftige, og dei store svarte frøa er alltid giftige. Det einaste som er trygt å eta er frøkappa rundt frøa; frøkappa inneheld ikkje det sterkt brekningsfremkallande stoffet hypoglycin. Forgifting med dette stoffet kan vera dødeleg.[5][9][10]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
