Adamsbreen i Wilkes Land
isbre i Antarktis From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Adamsbreen, òg kalla John Quincy Adamsbreen, er ein brei kanalisbre i Wilkes Land i Antarktis som er over 32 km lang. Han endar i enden av Vincennes Bay, like aust for Hatch Islands. Han vart først kartlagd i 1955 av G.D. Blodgett frå flyfoto tekne under U.S. Navy Operasjon Highjump (1947), og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter John Quincy Adams, den sjette presidenten av USA. Adams var viktig som seinare representant frå Massachusetts i å få Kongressen med på å støtte US Exploring Expedition (1838–42) under løytnant Charles Wilkes.
Remove ads
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Adams Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads