Adenbukta
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Adenbukta (arabisk خليج عدن - Ḫalīǧ ʻAdan, somali Gacanka Cadmeed) er ei om lag 900 km lang bukt som ligg vest i Arabiahavet. Bukta går aust-vest og har Jemen-kysten i nord og den somaliske kysten på Afrikas horn i sør.
Adenbukta knyter Indiahavet saman med Raudehavet via Bab el-Mandeb mellom kysten av Djibouti og Jemen. Ved hjelp av Suezkanalen i Egypt kan ein koma seg frå Indiahavet og heilt opp til Middelhavet gjennom Adenbukta. Dei siste åra har den viktige sjøfartsvegen vore sterkt plaga med piratar.
Bukta er kalla opp etter hamnebyen Aden i Jemen. Historisk vart Adenbukta kalla «Berberabukta» etter den gamle somaliske byen Berbera på sørsida.[1][2]
Remove ads
Geografi
Grenser
International Hydrographic Organization derfinerer grensene til Adenbukta som følgjer:[3]
- I nordvest – Den sørlege grensa til Raudehavet, ei linje frå Husn Murad til Ras Siyyan
- I aust – Meridianen langs Kapp Guardafui (Ras Asir, 51°16'E).
Hydrografi
Temperaturen i Adenbukta varierer frå 15 °C og 28 °C, avhengig av årstid og monsunen. Saliniteten i bukta på 10 meters djupne varierer frå of the gulf at 10 meter (33 ft) depth varies from 35,3 ‰ langs austkysten av Somalia til så mykje som 37,3 ‰ i midten av bukta,[4] medan oksygeninnhaldet i Adenbukta på den same djupnra typisk er mellom 4,0 og 5,0 mg/L.[4]
Remove ads
Handel

Adenbukta er ei viktig skipsrute, særleg for olje frå Persiabukta, noko som gjer ruta til ein viktig del av verdsøkonomien.[5] Kring 11 % av petroleum frakta på verdshava, passerer gjennom Adenbukta på veg til Suezkanalen eller raffineri i regionen.[6] Dei største hamnebyane langs bukta er Aden i Jemen, Djibouti by i Djibouti og Zeila, Berbera og Bosaso i Somalia.
I tidlegare historie var byen Seera, like sør for den moderne byen Aden, ein viktig hamneby for handel i regionen. Seera, eller Krater, var den viktigaste hamna i det førislamske kongedømet Awsan, og etter annekteringa av kongedømet Saba på slutten av 400-talet, spelte han ei viktig rolle i sambandet mellom Afrika og Arabia.
India får inn 50 milliardar US-dolla i import og 60 milliardar US-dollar i eksport gjennom dette området kvart år. På grunn av dette og for å verne handelen for andre land, har India eit krigsskip i området.[7]
Seint på 2000-talet utvikla bukta seg til eit senter for piratveksemd. I 2013 hadde åtaka i farvatnet minka ein god del på grunn av aktiv privat tryggleik og internasjonale marinepatruljar.[8]
Remove ads
Økologi
Geologisk sett er ikkje bukta gammal, og Adenbukta har eit unikt biologisk mangfald med mange forskjellige typar fisk, korallar, sjøfugl og virvellause dyr. Dette rike økologiske mangfaldet har nytt godt av forholdsvis lite forureining i bukta. Miljøvernsgrupper fryktar derimot at mangelen på koordinerte forsøk på å kontrollere forureininga i området kan endre dette.[9] Kvalar, delfinar og sjøkyr[10] var ein gong vanlege i bukta før tala deira vart kraftig reduserte på grunn av ulovleg jakt av Sovjetunionen og Japan i 1960- og 1970-åra.[11]
Grenseland
Byar
Byar ved kysten av Adenbukta:
|
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads