Adolf Anderssen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Karl Ernst Adolf Anderssen (6. juli 1818–13. mars 1879), fødd og død i Breslau, Preussen, var ein sjakkspelar frå Tyskland som i ein periode blei rekna som verdas sterkaste spelar. Han er mellom anna kjend som vinnaren av to av dei mest kjende sjakkpartia i sjakkhistoria, «det udødelege partiet» mot Lionel Kieseritzky i 1851, og «det eviggrønne partiet» mot Jean Dufresne.
Remove ads
Adolf Anderssen vann dei tre største turneringane som blei arrangert medan han levde, – London 1851, London 1862 og Baden-Baden 1870. Etter sigeren i turneringa i 1851 blei han rekna som verdas sterkaste sjakkspelar, fram til han tapte ein tvikamp mot amerikanaren Paul Morphy i 1858. Etter at Paul Morphy slutta å spele sjakk eit par år etterpå var Adolf Anderssen kanskje igjen verdas sterkaste aktive spelar. Men i 1866 tapte han ein ny tvikamp, mot Wilhelm Steinitz, som deretter kunne reknast som verdas sterkaste spelar, uoffisiell verdsmeister i sjakk.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads