Adolf Fredrik av Sverige

From Wikipedia, the free encyclopedia

Adolf Fredrik av Sverige
Remove ads

Adolf Fredrik (14. mai 171012. februar 1771) var konge i Sverige frå 1751 til 1771.

Fyrstesonen Adolf Fredrik var fødd på Gottorp-slottet i Holstein-Gottorp i Tyskland. 17 år gammal tok han over som fyrstebiskop av Lübeck, ein posisjon far hans hadde hatt tidlegare.

Ettersom svenskekongen Fredrik I ikkje hadde legitime arvingar, vart Adolf Fredrik i 1743 svensk tronfylgjar. Avgjerda kom i stand etter sterkt press frå Tsar-Russland. Åtte år seinare, i 1751, tok Adolf Fredrik over som svensk konge. Ved hoffet let ein seg imponere av den storvyrdige veremåten hans, men han hadde inga reell makt. Han klarte slett ikkje å hevde kongemaktas stilling i den vedvarande striden mellom dei politiske grupperingane som gjekk under nemningane hattarna og mössorna (huvene).

Adolf Fredrik var gift med Lovisa Ulrika, ei syster til Fredrik den store av Preussen.

Adolf Fredrik døydde vinteren 1771 på Stockholms slott. Sonen hans, Gustav III, vart då ny svensk konge.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads