Aerodrome Flight Information Service
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Aerodrome Flight Information Service (AFIS) er ei teneste utført på ukontrollerte flyplassar. I Noreg gjeld dette til dømes Molde og Leknes. At flyplassen er ukontrollert vil seie at det ikkje er flygeleiarar til stades i tårnet for å kontrollere flytrafikken, men ein AFIS-fullmektig som held oversikt over annan trafikk, vindretning, tilhøva på rullebane (kor glatt ho er eller om det er vått) og eventuelt anna som kan påverke trafikken (til dømes fugleaktivitet). Ut i frå dei opplysningane flygaren får frå AFIS-fullmektigen avgjer han om han skal lande (starte), vente eller avbryte landing (eller avgang).
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads