Solkolibriar

kolibrislekt From Wikipedia, the free encyclopedia

Solkolibriar
Remove ads

Solkolibriar er ei biologisk slekt Aglaeactis av kolibriar med fire medlemmer som samla har eit leveområde frå Colombia til Bolivia. Slekta er ein del av stammen Heliantheini, «briljantar», innanfor underfamilien Lesbiinae.

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Solkolibriar er store, rundt 12-13 centimeter lange mørke kolibriar i farger som går i brunt og raudbrunt. Nebbet er middels langt og rett. Dei manglar det glitrande feltet på strupe og øvre bryst som mange, særleg hannar av andre kolibrartar viser. Solkolibriar har i staden ei form for markering på brystet i kontrastrikt kvitt eller raudbrunt. Karakteristisk for solkolibriar er nyansar av sterkt iriserande lilla på oversida, mest markert hos hannfuglar. Elles er kjønna like.

Utbreiingsområdet er høgtliggande habitat i fuktige skogkantar i Andesfjella. Koparsolkolibri har ei langstrekt utbreiing frå Colombia, gjennom Ecuador til Cuzco-regionen i Peru. Svartsolkolibri er endemisk for Bolivia, paljettsolkolibri og spraglesolkolibri er begge endemiske for små område i Peru. Habitata er fuktige til halvtørre fjellryggar med glissen skog eller krattskog opptil 4300 moh., Colombia og Ecuador i både i tåkeskog og páramo. Paljettsolkolibri i Peru opptil 4600 meter.

Remove ads

Artslista

Solkolibriar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[1] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[2] IUCN kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[3]

  • Koparsolkolibri, Aglaeactis cupripennis, Shining sunbeam, (Bourcier, 1843), (LC)
  • Paljettsolkolibri, Aglaeactis castelnaudii, White-tufted sunbeam, (Bourcier & Mulsant, 1848), (NT)
  • Spraglesolkolibri, Aglaeactis aliciae, Purple-backed sunbeam, Salvin, 1896, (VU)
  • Svartsolkolibri, Aglaeactis pamela, Black-hooded sunbeam, (d'Orbigny, 1838), (LC)
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads