Agnus Dei

From Wikipedia, the free encyclopedia

Agnus Dei
Remove ads

Agnus Dei (latin for «Guds lam») er ein hymne som inngår som fast del i den katolske messa, nattverdliturgien i Den norske kyrkja og i liturgien i andre kyrkjesamfunn. Uttrykket er henta frå Døyparen Johannes sin omtale av Jesus som Guds lam, omtalt i Evangeliet etter Johannes 1,29.[1]

Thumb
Guds lam måla av Mathis Grünewald for ei altartavle i Issenheim i tida 1512-1516.
Thumb
Noter til ein versjon av Agnus Dei

Teksten skal ha blitt introdusert i liturgien av pave Sergius I (687701). Han vert sungen eller resitert rett før nattverdmåltidet. Melodien kan variere gjennom kyrkjeåret eller gudstenesteforma.

Hymnen lyder på latin:

Agnus Dei, qui tollis peccata mundi, miserere nobis.
Agnus Dei, qui tollis peccata mundi, miserere nobis.
Agnus Dei, qui tollis peccata mundi, dona nobis pacem.

På norsk lyder han:[2]

Du Guds Lam, som bar all verdsens synder, miskunna deg over oss.
Du Guds Lam, som bar all verdsens synder, miskunna deg over oss.
Du Guds Lam, som bar all verdsens synder, gjev oss din fred.
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads