Byen Aguascalientes
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Aguascalientes er delstatshovudstaden og den største byen i delstaten Aguascalientes i Mexico. Byen ligg den sentrale delen av Mexico, i låglandet av Det meksikanske platået. Han hadde eit folketal på 934 424 i 2012, med 1 225 432 i storbyområdet.[1] Byen er mest kjend for tekstilane sine og for San Marcos-festivalen.
Aguascalientes vart grunnlagd av Juan de Montoro 22. oktober 1575 som ein stoppestad for posten mellom Zacatecas og Mexico by. Staden var opphavleg folkesett av nomadiske chichimecafolk. Byen blei grunnlagd under namnet Villa de Nuestra Señora de la Asunción de las Aguas Calientes, ‘Landsbyen til vår jomfru av himmelferda av dei varme vatna’, etter vernehelgenen for byen og dei mange varme kjeldene i området. Han var ein utpost på Sølvvegen, og var del av kongeriket Nueva Galicia.[2] I 1835 gjorde president Antonio López de Santa Anna Aguascalientes til hovudstad for eit nytt territorium, som blei ein ny delstat i 1857.[3]
- Plaza Patria i Aguascalientes.
- Templo del Santuario de Nuestra Señora de Guadalupe i meksikansk barokkstil.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads