Ai coração
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Ai coração» (norsk omsetjing ‘åh, hjarte’) er ein song frå 2023 som blir framført av den portugisiske songaren og låtskrivaren Mimicat. Songen er komponert av Mimicat sjølv, saman med Luís Pereira. Songen vann den portugisiske songtevlinga Festival da Canção 2023 og var det portugisiske bidraget i Eurovision Song Contest 2023.[1][2]
Remove ads
Om songen
«Ai coração» er skriven av Marisa Mena, kjend under artistnamnet Mimicat. Ho skreiv han saman med Luís Pereira. «Ai coração» var ein av deltakarlåtane i den portugisiske songtevlinga Festival da Canção 2023, der vinnaren fekk representere Portugal i Eurovision Song Contest 2023. Songen blei stadfesta som eit av bidraga i Festival da Canção 19. januar 2023 og gjeven ut på den offisielle YouTube-kanalen til Festival da Canção saman med dei andre bidraga.[3]
«Ai coração» deltok i den fyrste semifinalen 25. februar 2023 og kvalifiserte seg til finalen laurdag 11. mars samme år. Songen vann deretter finalen etter å ha vunne både jury- og telefonavrøystinga. Gjennom sigeren fekk låten representere Portugal i Eurovision Song Contest.
Eurovision Song Contest
Portugal deltok i den fyrste semfinalen tysdag 9. mai i Liverpool. Der enda «Ai coração» på en niandeplass i semifinalen, og kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai.[4] I finalen fekk låten 59 poeng og blei nummer 23 av 26 finalistar.[5]
Remove ads
Listeplasseringar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads