Ajaccio

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ajacciomap
Remove ads

Ajaccio (på koriskansk: Aiacciu, på latinsk Ajax) er ein by og kommune på Korsika i Frankrike. Byen er hovudstad i regionen som utgjer Korsika, og préfecture (hovudstad) i departementet Corse-du-Sud. Byen har like over 50 000 innbyggjarar.

Kjappe fakta Land Region Departement, Flatevidd ...
Remove ads

Geografi

Ajaccio ligg på vestkysten av øya Korsika, 210 nautiske mil søraust for Marseille. Han ligg verna til ved foten av ein skogkledd ås på nordsida av Ajacciobukta. Hamna ligg aust for byen, og er verna i sør av ei halvøy.

Historie

Ajaccio ligg i dag om lag 3 km sør for den opphavlege busetnaden som han vart flytta frå av genuesarane i 1492. Byen var okkupert av Frankrike frå 1553 til 1559, men kom igjen inn under Genova etter Freden i Cateau-Cambrésis seinare på året. Byen vart til slutt fransk i 1768, og vart i 1793 hovudstaden for departementet Liamone og i 1811 departementet Corse (Korsika). Den korsikanske nasjonalforsamlinga (Assemblée nationale corse), som er det korsikanske regionalparlamentet, har halde til her heilt sidan ho vart oppretta i 1982.

Remove ads

Kjende personar

Desse personane er fødd i Ajaccio:

  • Napoleon Bonaparte (1769-1821), keisar av Frankrike 1804-1814.
  • Tino Rossi (1907-1983), songar, skodespelar
  • Fred Scamaroni (1914-1943)


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads