Akustoelektrisk omformar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Akustoelektriske omformarar, lydomformar eller akustisk transduser er omformararar som konverterer frå akustisk til elektrisk energi, eller omvendt.
Akustoelektriske omformarar kan klassifiserast på ulike vis, som bruksområde, teknologi, osb. Det vil alltid vera noko overlapp mellom nokre kategoriar, som til dømes at ein ultralydomformar kan òg nyttast for hydroakustikk.
Akustoelektriske omformarar for høyrbar lyd
Dette er omformarar som arbeider i luft, i det høyrbare området.
Akustisk til elektrisk
- Mikrofonar vert nytta til mange føremål innan elektroakustikken, som til dømes målingar av lydtrykk, intensitet, effekt, osb. Mikrofonar for lydopptak finst i mange ulike variantar og med svært forskjellige karakteristikkar.
- Intensitetprober vert nytta i samband med til dømes måling av akustisk støy.
- Partikkelfartprober vert nytta for å måla farten til luftpartiklae i ein trykkgradient.
Elektrisk til akustisk
- Høgtalarar vert nytta for å gje att tale og musikk og finst i mange ulike utgåver. Høgttalarar vert og nytta for romkorreksjon, måling av romakustikk, akustiske støykansellering, akustisk ekkokansellering, osb.
- Høyretelefonar vert nytta for å gje att tale og musikk når ein ikkje ynskjer å forstyrra andre.
Remove ads
Ultralydomformarar
Dett er omformarar som arbeider med frekvensar over det høyrbare området, i luft, veske, levande vev, eller faststoff.
Akustisk til elektrisk
Elektrisk til akustisk
Hydroakustiske omformarar
Dette er omformarar som vert nytta i vatn, i samband med sonar, ekkolodd, akustisk undervasskommunikasjon, o.l.
Akustisk til elektrisk
Elektrisk til akustisk
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads