Al-Shabaab

From Wikipedia, the free encyclopedia

Al-Shabaab
Remove ads

Al-Shabaab (arabisk for 'dei unge') er ei militant islamistisk gruppe frå Somalia. Gruppa kallar seg eigentleg Harakat al-Shabaab al-Mujahideen ('rørsla for unge krigarar').[4]

Kjappe fakta Skipa, Leiar ...
Remove ads

Historie

Gruppa oppstod som ei laust nettverk på 2000-talet med fleire medlemmer som hadde kriga i Afghanistan. I 2006 blei ho ei organisert militær gruppe for Sameininga av islamske domstolar, som då hadde herredøme over Mogadishu. Sameininga blei fordriven av somaliske styresmakter og etiopiske styrkar, og fleire tidlegare leiarar for Sameininga byrja samarbeida med sentralmakta og ta del i overgangsregjeringa. Al-Shabaab, derimot, omorganiserte dei seg og tok opp kampen.[5] Dei innførte mellom anna sjølvmordsbombing som strategi,[6] og tok kontroll over mykje av sørlege Somalia i 2008.

Etter at dei etiopiske styrkane hadde trekt seg ut i januar 2009 tok al-Shabaab kontroll over byen Baidoa, eit tidlegare sete for den somaliske overgangsregjeringa. I mai same året gjekk dei til åtak på Mogadishu. Dei tok kontroll over hamnebyen Kismayo i oktober etter å ha vunne over ei rivaliserande gruppe, Hizbul Islam.[5] I desember 2009 var dei ansvarlege for å drepa 10 sivile, mellom dei tre ministrar, med ei sjølvmordsbombe i Mogadishu.[7] Eit storstilt åtak mot Mogadishu i 2010 blei slått tilbake av AMISOM-styrkar frå Den afrikanske unionen, og al-Shabaab leid kraftige tap.

I 2011 kom kenyanske styrkar til Somalia for å kjempa mot al-Shabaab,[5] som då hadde kontroll over heile Sentral-Somalia.[6] Gruppa trekte seg ut frå Mogadishu i august det året, frå Baidoa i februar 2012, den strategisk viktige byen Afgoye i mai, hamnebyen Merca i august og dei siste byan dei hadde herredøme over, Kismayo og Wanla Weyn, i oktober.[5]

Gruppa fortsette å ha kontroll over visse område på landsbygda, og har innført si form for sjaria der.[8] I tillegg til strenge morallover har dei også stått bak forbod mot musikk, og lagd ned forbod mot å sjå på idrett på fjernsyn.[9] Fleire av åtaka deira har vore på folkegrupper samla for å sjå fotballkampar på fjernsyn.

Remove ads

Leiarar

Ahmed Abdi Godane blei offentleg kjend som leiar for al-Shabaab i desember 2007.[10] Eit internt oppgjer i 2013 førte til at nestleiaren Ibrahim Haji Mehad «Afghani» blei drepen av tilhengjarar til leiaren Ahmed Abdi Godane.[6] Ahmed Abdi Godane blei drepen i eit amerikansk luftåtak i september 2014. Sheik Abii Ubeyda Ahmad Omar blei utnemnd til ny leiar.[11]

Utanlandske tilhøve

Al-Shabaab har utført fleire åtak utanfor Somalia, som regel som «straff» eller «hemn» for at styrkar frå landa dei angrip har engasjert seg mot dei i Somalia.

I juli 2011 drap medlemmer frå al-Shabaab 74 menneske som såg på fotball-VM i den ugandiske hovudstaden Kampala i juli 2011. I september 2013 storma gruppa kjøpesenteret Westgate i den kenyanske hovudstadenNairobi, og 94 menneske omkom.[12] Gruppa har også utført fleire åtak mot sivile kenyanarar i Mandera og andre stader nær grensa til Somalia i 2014.[13]

Gruppa har knytt band til Boko Haram i Nigeria og al-Qaida på den arabiske halvøya.[6] Al-Shabaab gav si støtte til den internasjonale terrorgruppa al-Qaida, og erklærte i 2012 at dei var gått saman med denne. [5]

Grupperinga har hatt utanlandske medlemmer sidan ho oppstod.[6] Fleire nordmenn har bidratt med pengestøtte eller verva seg til å utføra terroristaksjonar for dei. Medan al-Shabaab ei tid (i 2008) hadde støtte frå ein del eksil-somaliarar som frigjeringssoldatar mot dei etiopiske styrkane som var i landet, blei ho raskt stempla som terroristisk internasjonalt.[14]

Kjelder

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads