Albertsbreen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Albertsbreen er ein isbre med store bresprekkar i Antarktis. Han er kring 13 km lang, og flyt aust frå Avery Plateau i Graham Land, før han flyt ut i Millfjorden mellom Balchbreen og Southard Promontory. Isbreen vart fotografert frå lufta av U.S. Navy i 1968. Han vart skissert frå bilete av Directorate of Overseas Surveys i 1980, og plassert på kartet frå landmålingar av Falkland Islands Dependencies Survey i 1947–57. I samband med at stadnamn i området vart kalla opp etter historikarar, vart han namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee etter Fred G. Alberts, ein amerikansk toponymist, og sekretær i Advisory Committee on Antarctic Names 1949–80.
Remove ads
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Albertsbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads