Aldo Ceccato
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Aldo Ceccato (fødd 18. februar 1934 i Milano) er ein italiensk dirigent og musikkpedagog.
Ceccato var kunstnarisk leiar for Detroit symfoniorkester 1973-1977 og for Hamburgs filharmoniske orkester frå 1974-1982. I 1978 vart han utnemnd til professor i dirigering ved musikkhøgskulen i Hamburg. Frå 1985-1990 var han dirigent for Bergen Filharmoniske Orkester, før han dirigerte Slovakias filharmoniske orkester 1990-1991. Frå 1991-1994 var han sjefdirigent for det spanske nasjonalorkesteret og frå 1995-2002 for tsjekkiske Brno filharmoniske orkester. I 2002 vart han musikksjef ved Arena di Verona.
Remove ads
Kjelder
- «Aldo_Ceccato» i Store norske leksikon, snl.no., henta inn 09.08.13.
- Engelsk Wikipedia om Aldo Ceccato, henta inn 09.08.13.
Bakgrunnsstoff
- Offisiell nettside for Aldo Ceccato Arkivert 2014-12-18 ved Wayback Machine.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads