Aleksander Gierymski
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ignacy Aleksander Gierymski (fødd 30. januar 1850), død mellom 6. og 8. mars 1901 i Roma, var ein polsk målar frå Warszawa. Også den eldre broren Maksymilian Gierymski var ein kjend målar.
Remove ads
Liv og gjerning


Gierymski studerte tida 1868–72 på kunstakademiet i München. For diplomarbeidet Kjøpmannen frå Venedig fekk han ei gullmedalje. Åra 1873–74 budde Gierymski i Italia, hovudsakleg i Roma. Der laga han bileta Romersk gjestehus og Moraspelar, verk som vekte åtgaum då dei vart utstilt i Warszawa.
Frå 1875 til 1879 arbeidde Gierymski på ny i Roma. Dei lysgjennomtrengde bileta han då måla, kan minne om verk av dei samtidige franske impresjonistane, verk Gierymski ikkje hadde nokon som helst kunnskap om.
I tida 1879–88 heldt Gierymski til i Warszawa, der han måla sine beste verk, slike som Jødinna med appelsinane, Sandgravarar ved Wisla-barden og Nyårsdagsfesten (Rosj hasjaná). Kunstpublikum i Warszawa viste lita interesse for desse samfunnskritiske bileta.
Trøytt og lei forlet han Warszawa i 1888 og reiste fyrst til Tyskland og seinare til Frankrike. I desse åra laga han fleire nattlege byprospekt.
Frå 1893 til –95 budde han i Krakow, der han underviste ved kunstakademiet i byen. Under ophhaldet i Krakow laga han biletet Bondelikkista.
Siste leveåra heldt Gierymski til i Italia. Han døydde på ein mentalinstitusjon i Roma.
Ymse
Alexander Gierymski sitt meisterverk, Jødinna med appelsinane, dukka i november 2010 opp på ein kunstauksjon i Buxtehude. Biletet frå 1880-81, som måler 65 × 54 cm og frå 1928 var i eiga til det polske nasjonalmuseet i Warszawa, hadde då vore sporlaust forsvunne sidan andre verdskrigen.
Remove ads
Utvalde verk
- Nyårsdagsfesten (1884)
- Lauvhytta (1882)
- Louvre om natta (1892)
- Bondelikkista (1895)
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads