Aleksander Kwaśniewski
polsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Aleksander Kwaśniewski (fødd 15. november 1954) er ein polsk politikar og tidlegare statsleiar frå Białogard. Han var president i Polen frå 1995 til 2005, vald for Venstrealliansen (SLD).
Kwaśniewski utdanna seg i transportøkonomi ved universitetet i Gdansk. Han gjorde karriere i det statsleiande polske arbeidarpartiet og var sports- og ungdomsminister 1985–89. Frå 1989 til -91 var han president i Polens olympiske komité. Etter dei store politiske omveltingane i Polen stifta han i 1990 eit sosialdemokratisk parti (SdRP) og leia partiet til 1995. I 1991 var han med å stifte Venstrealliansen (SLD), leiar av alliansen frå 1993. Han var medlem 1991-95 av nasjonalforsamlinga Sejm.
Ved presidentvalet i 1995 fekk Kwaśniewski 51,7 prosent av røystene i andre valomgang og vann dermed over motkandidaten Lech Wałęsa. Kwaśniewski tok over som president 23. desember 1995 og førte ein markant provestlig reformpolitikk som opna for marknadsøkonomi og politisk-militær tilknyting til dei vesteuropeiske stormaktene og USA. Såleis vart Polen medlem i OECD i 1996 og NATO i 1999. Hausten 2000 var Kwaśniewski attvald i fyrste valomgang med 53,9 prosents oppslutnad. I den andre og siste presidentperioden hans gjekk Polen i 2004 inn i Europaunionen (EU). Han var president til 22. desember 2005 og vart etterfylgd av den sosialkonservative politikaren Lech Kaczyński.
Remove ads
Kjelder
- Aleksander Kwaśniewski (26. februar 2020) i Store norske leksikon
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads